Fest og basar
Fest og basar
Det er ein god del faste festar, basarar og messer på bedehuset.
17. mai brukar det alltid å vera fest på bedehuset på ettermiddagen. Ansvaret for festen går på omgang mellom foreiningane.
Indremisjonen arrangerer ofte samlingsfest i slutten av august/starten av september, og i romjula inviterer dei til julefest/julekos. Søndagsskulen har fast tradisjon for å invitera til julefest 30. desember, og på nyttårsafta arrangerer gjerne Tentreff nyttårsfest for ungdomar.
Basarar: Steffanusalliansen brukar å ha basar i veke 4. Normisjon brukar å ha basar i veke 7. (Jenteforeininga brukar å ha basar annakvart år laurdag før palmehelga.) Bedehuset brukar å ha vårbasar siste onsdag i april. Vyborghjelpa brukar å ha basar på bedehuset i starten av september, annakvart år. Det norske misjonsselskap brukar å ha basar omkring St Hans (Jonsokbasaren). Indremisjonsforeininga brukar å ha basar i veke 42. Det norske misjonsselskap (Vestbøstadforeininga/?) brukar å ha basar i veke 40. Norsk luthersk misjonssamband brukar å ha misjonsmesse annakvart år, tredje laurdagen før julemessa til bedehuset. Bedehuset brukar å ha stort julemessearrangement laurdag før 1. søndag i advent.
Bli medlem!
Medlemskont. Fitjar bedehus: kr 200,- per år: Vipps til nr 717234.