Norsk Luthersk Misjonssamband

Norsk Luthersk Misjonssamband

Norsk luthersk misjonssamband (NLM) er ein fri og sjølvstendig misjonsorganisasjon på luthersk grunn som jobbar under visjonen «Verda for Kristus». Misjonssambandet driv eit stort arbeid i Noreg og i omtrent 15 land i Afrika, Sør-Amerika og Asia.

Misjonssambandet har fleire foreiningar i Fitjar:
Fitjar kvinneforening for NLM v/ Anne Margrethe Engen – 974 33 713
Øvrebygda kvinneforening for NLM v/ Sølvi Marie Aarbø, 959 23 687
Skumsnes kvinneforening for NLM v/ Sigfrid Skumsnes 950 89 171
Ta gjerne kontakt med ein av kontaktpersonane dersom du ynskjer å starte i ei foreining!

Misjonssambandet har møteveker på Fitjar bedehus årleg i veke 6 og veke 44. Kvinneforeininga har basar i tilknytning til ei møteveke.  Alle foreningane i Fitjar har gått saman om å arrangere Misjonsmesse/misjonsbasar annakvart år ein laurdag i november (tredje laurdag før den første helga i advent).

Misjonssambandet arrangerer også LOGOS. Logos er bibelundervisning. Dette er kveldar med 2x bibeltimar med enkel kveldsmat imellom. Det er høve for å stille spørsmål. Opplegget er elles enkelt; det er bibelundervisninga som er i fokus. Undervisninga vert lagt opp slik at den høver for vaksne og ungdom over 15 år.

Kontaktperson for Misjonssambandet i Fitjar:
Lars Vestbøstad tlf 408 48 834. Ta gjerne kontakt! 

NLM: https://www.nlm.no/ 
Misjonssambandet på Fitjar bedehus hausten 2023

Bli medlem!

Medlemskont. Fitjar bedehus: kr 200,- per år: Vipps til nr 717234.